Blink Hus Søre Sunnmøre
Vi har over 70 års erfaring med å bygge hus på verharde Sunnmøre, og ynskjer gjerne å dele av denne erfaringa med deg som skal bygge hus her i regionen.
Gå til forhandlersidenVelkomne til Brekkane Bustadfelt – i sentrum av «5-minuttsbygda»
Endeleg kan vi introdusere eit heilt nytt bustadfeltet på Hareid. Her kan du flytte inn i eit familievennleg felt som fleire generasjonar vil trivast i.
Om bustadene
På Brekkane kan du no velje mellom heile 4 bustadtypar, i tillegg til at du kan kjøpe ei av fem einebustadtomter og planlegge din eigen bustadtype – saman med oss!
Gjennom å tilby fleire ulike type bustadar, håpar vi å skape eit byggefelt der folk kan bu heile livet og vere med å skape eit godt miljø for både små og store.
1. «Nordnes» – Funksjonelle einebustadar med «noko attåt»
Vi skal sette opp ni einebustadar fordelt på tre eksklusive kjedar. Kvar av dei har sitt eige særpreg, perfekt for Sunnmøre. Vi har også lagt opp for ulike variantar av bustadane slik at du kan velje den løysinga som passar best for din familie.
2. «Kongsvik» – Kompakte og moderne einebustadar, skråstilt for best utsikt og soltilhøve
På same rekka som «Nordnes», har vi planlagt fem skråstilte einebustadar med store vindaugsflater, stor terrasse, og skråstilt for best mogleg sol- og utsiktstilhøve. Her er det tilpassingsmoglegheiter, ein kan til og med få ekstrainntekter ved å leige ut hybelleiligheit, om ein ikkje har behov for dette arealet sjølv.
3. «Selnes 107» – Tre bustadar i rekke med eigen carport.
På området i feltet som ligg lengst i aust, har vi planlagt tre «tremannsbustadar» og to tomannsbustadar frå Mestergruppen sin Selnes-serie. Dei tre rekkehusa er kvar på 107 m2 og kan leverast med heile fire soverom, eventuelt med tre soverom og to stove. Her kan ein altså velje mellom fleire alternative planløysingar for 1.etasje, avhengig av behov.
4. «Selnes tomannsbustad» - Tomannsbustad med fire soverom
Tomannsbustadane har tre romslege soverom i 1.etasje og «master»-soverom med eiga garderobe i 2.etasje. Med to gode bad, carport og parkeringsplass, kan ein bu i denne bustaden i mange av livets faser.
5. Vel eit kataloghus eller design din draumeheim
På dei fem øvste tomtene på Brekkane kan du byggje bustad etter eigne ynskjer og budsjett, med byggeklausul.
Om området
Det løner seg å kjøpe nytt!
Når du kjøper ein heilt ny bustad får du fleire fordelar som:
Om Blink Hus Søre Sunnmøre
Når vi skal hjelpe deg med å bygge husdraumen står dine behov i fokus. Våre tilsette stiller med brei kompetanse, lang erfaring, og ein tydeleg motivasjon for å levere kvalitet over tid. I ei utfordrande og turbulent tid for byggebransjen, står vi fjellstøtt takka vere berekraftig og framoverlent drift gjennom mange år. Vi er difor eit trygt val for våre kundar, både no og i framtida.
Ta kontakt eller meld interesse i dag så held vi deg informert på vegen mot din nye bustad.
Nordnes 1 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 6 300 000 kr |
Nordnes 2 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 5 300 000 kr |
Nordnes 3 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 6 000 000 kr |
Nordnes 4 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 6 200 000 kr |
Nordnes 5 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 5 300 000 kr |
Nordnes 6 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 6 000 000 kr |
Nordnes 7 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 6 200 000 kr |
Nordnes 8 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 5 300 000 kr |
Nordnes 9 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 6 200 000 kr |
Kongsvik 10 | 4 | 2 | 2 | 129 m² | 6 300 000 kr |
Kongsvik 11 | 4 | 2 | 2 | 129 m² | 5 400 000 kr |
Kongsvik 12 | 4 | 2 | 2 | 129 m² | 5 300 000 kr |
Kongsvik 13 | 4 | 2 | 2 | 129 m² | 5 700 000 kr |
Kongsvik 14 | 4 | 2 | 2 | 129 m² | 6 300 000 kr |
Selnes 15 | 4 | 1 | 106 m² | 4 800 000 kr | |
Selnes 16 | 4 | 1 | 106 m² | 3 800 000 kr | |
Selnes 17 | 4 | 1 | 106 m² | 4 500 000 kr | |
Selnes 18 | 4 | 1 | 106 m² | 4 800 000 kr | |
Selnes 19 | 4 | 1 | 106 m² | 3 800 000 kr | |
Selnes 20 | 4 | 1 | 106 m² | 4 500 000 kr | |
Selnes 21 | 4 | 1 | 106 m² | 4 800 000 kr | |
Selnes 22 | 4 | 1 | 106 m² | 3 800 000 kr | |
Selnes 23 | 4 | 1 | 106 m² | 4 500 000 kr | |
Selnes C 24 | 4 | 2 | 2 | 131 m² | 4 900 000 kr |
Selnes C 25 | 4 | 2 | 2 | 131 m² | 5 500 000 kr |
Selnes C 26 | 4 | 2 | 2 | 131 m² | 4 900 000 kr |
Selnes C 27 | 4 | 2 | 2 | 131 m² | 5 500 000 kr |
Hareid – 5-minuttsbygda der alt er nært og moglegheitene mange
Frå Hareid er det kort veg til alt du treng i kvardagen – og mykje meir til.
Du har kanskje høyrt om 15-minuttsbyen, der alt er innan rekkevidde til fots? På Hareid tilbyr vi vår eigen versjon: 5-minuttsbygda, der du, med litt hjelp av bilen, har alt du treng berre fem minutt unna:
Hareid er eit eldorado for friluftsliv. Hareidlandet byr på eit imponerande nettverk av turstiar – alt frå bratte utfordringar til slake turar som passar for alle. Etter ein fin tur kan du avrunde dagen med eit forfriskande sjøbad og ein tur i saunaen midt i sentrum.
I tillegg er området kjent for sitt engasjerande fritidstilbod. Her finn du alt frå fotball og handball til musikk, dans og andre kulturaktivitetar – noko for alle aldersgrupper.
Hareid vert ofte kalla «sentrum på Sunnmøre», og det er ikkje utan grunn. Med sitt strategiske utgangspunkt er det enkelt å pendle til Ålesund, anten med hurtigbåt eller ferje. Med bil er det kort veg til dei fleste sentrale destinasjonar i området, som Ullstein, Herøy, Ørsta og Volda – alt innan 15–45 minutt.
Hareid er i stadig utvikling og har fleire sterke hjørnesteinsbedrifter som stadig søkjer etter teknisk kompetanse. For deg som vurderer å prøve noko nytt, kan Hareid vere staden for både karriere og trivsel. Her får du ein fin kombinasjon av eit yrande næringsliv og ein livsstil nær naturen.
Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om kvardagslivet og moglegheitene på Hareid – staden der trivsel møter vekst.
Vi har over 70 års erfaring med å bygge hus på verharde Sunnmøre, og ynskjer gjerne å dele av denne erfaringa med deg som skal bygge hus her i regionen.
Gå til forhandlersidenTeigane 18Hareid
Myrvågtoppen 77Gurskøy