Blink Hus Søre Sunnmøre
Vi har over 70 års erfaring med å bygge hus på verharde Sunnmøre, og ynskjer gjerne å dele av denne erfaringa med deg som skal bygge hus her i regionen.
Gå til forhandlersidenVi har over 70 års erfaring med å bygge hus på verharde Sunnmøre, og ynskjer gjerne å dele av denne erfaringa med deg som skal bygge hus her i regionen.
Gå til forhandlersidenSelnes C er ein stilrein og moderne tomannsbustad som kombinerer funksjonalitet med tidlaus design. Denne bustaden er nøye planlagt for å gi deg og din familie eit komfortabelt og praktisk heim, med romslege areal og fleksible løysingar for ein variert kvardag.
Den opne stue-/kjøkkenløysinga på 29,5 m² har eit moderne preg og skapar eit sosialt samlingspunkt for familien. Hovudsoverommet på 10,5 m² har eigen walk-in garderobe på 4,8 m², noko som gir ekstra komfort og praktisk lagringsplass. Eit bad på 6,1 m² og bod på 1 m² kompletterer etasjen, medan gangen/trappa på 9,6 m² gjev eit luftig og elegant preg.
Selnes C er skreddarsydd for familiar som treng fleire soverom, romslege fellesareal og smarte oppbevaringsløysingar. Det passar òg perfekt for par som ønskjer ekstra rom til hobbyar, gjester eller heimkontor, og for førstegongskjøparar som ser etter ein bustad med moderne komfort og lite vedlikehald.
Med sin strategiske plassering i eit roleg og familievennleg område, kombinert med nærleik til skule, barnehage og natur, er Selnes C eit utmerkt val for dei som verdset både praktisk kvardagsliv og ein aktiv fritid.
Hareid – 5-minuttsbygda der alt er nært og moglegheitene mange
Frå Hareid er det kort veg til alt du treng i kvardagen – og mykje meir til.
Du har kanskje høyrt om 15-minuttsbyen, der alt er innan rekkevidde til fots? På Hareid tilbyr vi vår eigen versjon: 5-minuttsbygda, der du, med litt hjelp av bilen, har alt du treng berre fem minutt unna:
Hareid er eit eldorado for friluftsliv. Hareidlandet byr på eit imponerande nettverk av turstiar – alt frå bratte utfordringar til slake turar som passar for alle. Etter ein fin tur kan du avrunde dagen med eit forfriskande sjøbad og ein tur i saunaen midt i sentrum.
I tillegg er området kjent for sitt engasjerande fritidstilbod. Her finn du alt frå fotball og handball til musikk, dans og andre kulturaktivitetar – noko for alle aldersgrupper.
Hareid vert ofte kalla «sentrum på Sunnmøre», og det er ikkje utan grunn. Med sitt strategiske utgangspunkt er det enkelt å pendle til Ålesund, anten med hurtigbåt eller ferje. Med bil er det kort veg til dei fleste sentrale destinasjonar i området, som Ullstein, Herøy, Ørsta og Volda – alt innan 15–45 minutt.
Hareid er i stadig utvikling og har fleire sterke hjørnesteinsbedrifter som stadig søkjer etter teknisk kompetanse. For deg som vurderer å prøve noko nytt, kan Hareid vere staden for både karriere og trivsel. Her får du ein fin kombinasjon av eit yrande næringsliv og ein livsstil nær naturen.
Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om kvardagslivet og moglegheitene på Hareid – staden der trivsel møter vekst.
Nordnes 1 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 6 300 000 kr |
Nordnes 2 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 5 300 000 kr |
Nordnes 3 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 6 000 000 kr |
Nordnes 4 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 6 200 000 kr |
Nordnes 5 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 5 300 000 kr |
Nordnes 6 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 6 000 000 kr |
Nordnes 7 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 6 200 000 kr |
Nordnes 8 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 5 300 000 kr |
Nordnes 9 | 4 | 2 | 2 | 125 m² | 6 200 000 kr |
Kongsvik 10 | 4 | 2 | 2 | 129 m² | 6 300 000 kr |
Kongsvik 11 | 4 | 2 | 2 | 129 m² | 5 400 000 kr |
Kongsvik 12 | 4 | 2 | 2 | 129 m² | 5 300 000 kr |
Kongsvik 13 | 4 | 2 | 2 | 129 m² | 5 700 000 kr |
Kongsvik 14 | 4 | 2 | 2 | 129 m² | 6 300 000 kr |
Selnes 15 | 4 | 1 | 106 m² | 4 800 000 kr | |
Selnes 16 | 4 | 1 | 106 m² | 3 800 000 kr | |
Selnes 17 | 4 | 1 | 106 m² | 4 500 000 kr | |
Selnes 18 | 4 | 1 | 106 m² | 4 800 000 kr | |
Selnes 19 | 4 | 1 | 106 m² | 3 800 000 kr | |
Selnes 20 | 4 | 1 | 106 m² | 4 500 000 kr | |
Selnes 21 | 4 | 1 | 106 m² | 4 800 000 kr | |
Selnes 22 | 4 | 1 | 106 m² | 3 800 000 kr | |
Selnes 23 | 4 | 1 | 106 m² | 4 500 000 kr | |
Selnes C 24 | 4 | 2 | 2 | 131 m² | 4 900 000 kr |
Selnes C 25 | 4 | 2 | 2 | 131 m² | 5 500 000 kr |
Selnes C 26 | 4 | 2 | 2 | 131 m² | 4 900 000 kr |
Selnes C 27 | 4 | 2 | 2 | 131 m² | 5 500 000 kr |
Teigane 18Hareid
Myrvågtoppen 77Gurskøy