Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Brekkane bustadfelt | Bustadar for einkvar smak

Hareidsvegen 6060 Hareid
Pris fra
5 300 000 kr
Omkostninger
23 000 kr
Totalpris
5 323 000 kr
Terje Giskeødegård Balsnes
Dagleg leiar
Kristoffer Kvammen
Teknisk sjef
Prosjektet bygges av

Blink Hus Søre Sunnmøre

Vi har over 70 års erfaring med å bygge hus på verharde Sunnmøre, og ynskjer gjerne å dele av denne erfaringa med deg som skal bygge hus her i regionen.

Gå til forhandlersiden
Velkomen til Kongsvik – ein moderne bustad med plass til både familieliv og fleksible løysingar

Prosjektfase

Haust 2024
Planlegging
Haust 2024 / vår 2025
Salgsstart
Vår 2025
Byggestart
Haust 2025
Overtakelse

Nøkkelinfo

Boligtype

Enebolig

Eierform

Selveier

Soverom

4

Bad

2

Etasjer

2

Bruksareal

129 m² (BRA)

Terrasse/balkong

30 m² (TBA)

Energimerking

B

Fasiliteter

  • Garasje/P-plass
  • Turterreng
  • Utsikt
  • Peis/Ildsted
  • Balkong/Terrasse

Kongsvik er ein funksjonell og gjennomtenkt bustad som passar perfekt for både den etablerte familien og par som ønskjer rom for gjestar eller fleksible løysingar. Bustaden har eit praktisk og moderne design fordelt på to etasjar, med gode opphaldsareal, smarte oppbevaringsløysingar og eit fantastisk uteområde.

Kven passar Kongsvik for?

Kongsvik er ideell for den moderne familien som ønskjer ei praktisk løysing med god plass til både kvardagsaktivitetar og privatliv. Den fleksible planløysinga gjer det òg til ein god bustad for par som ønskjer ekstra rom for gjestar, hobbyar eller heimekontor. Med gode opphaldsrom i begge etasjar er dette ein heim som tilpassar seg ulike livsfasar og behov.

Bustaden passar også for dei som set pris på praktiske uteområde med carport og terrasse, samt dei som ønskjer ein bustad som kombinerer funksjonalitet og estetikk på ein elegant måte.

Velkomen til Kongsvik – ein bustad som kombinerer komfort, fleksibilitet og moglegheiter!

Om nabolaget

Hareid – 5-minuttsbygda der alt er nært og moglegheitene mange

Frå Hareid er det kort veg til alt du treng i kvardagen – og mykje meir til.

Du har kanskje høyrt om 15-minuttsbyen, der alt er innan rekkevidde til fots? På Hareid tilbyr vi vår eigen versjon: 5-minuttsbygda, der du, med litt hjelp av bilen, har alt du treng berre fem minutt unna:

  • Butikken for daglege innkjøp.
  • Skule og barnehage, med trygge og gode oppvekstvilkår.
  • Treningssenter og fritidsaktivitetar, som legg til rette for ein aktiv kvardag.
  • Fjellet, med flotte turmoglegheiter som gjev energi og naturopplevingar.
  • Stranda, der du kan nyte fine dagar ved sjøen.

Aktiv fritid og rekreasjon

Hareid er eit eldorado for friluftsliv. Hareidlandet byr på eit imponerande nettverk av turstiar – alt frå bratte utfordringar til slake turar som passar for alle. Etter ein fin tur kan du avrunde dagen med eit forfriskande sjøbad og ein tur i saunaen midt i sentrum.

I tillegg er området kjent for sitt engasjerande fritidstilbod. Her finn du alt frå fotball og handball til musikk, dans og andre kulturaktivitetar – noko for alle aldersgrupper.

Plassering i hjartet av Sunnmøre

Hareid vert ofte kalla «sentrum på Sunnmøre», og det er ikkje utan grunn. Med sitt strategiske utgangspunkt er det enkelt å pendle til Ålesund, anten med hurtigbåt eller ferje. Med bil er det kort veg til dei fleste sentrale destinasjonar i området, som Ullstein, Herøy, Ørsta og Volda – alt innan 15–45 minutt.

Moglegheiter for karriere og vekst

Hareid er i stadig utvikling og har fleire sterke hjørnesteinsbedrifter som stadig søkjer etter teknisk kompetanse. For deg som vurderer å prøve noko nytt, kan Hareid vere staden for både karriere og trivsel. Her får du ein fin kombinasjon av eit yrande næringsliv og ein livsstil nær naturen.

Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om kvardagslivet og moglegheitene på Hareid – staden der trivsel møter vekst.

Plantegninger

Leveransebeskrivelse

Andre enheter til salgs i Brekkane bustadfelt

Nordnes 1422125 6 300 000 kr
Nordnes 2422125 5 300 000 kr
Nordnes 3422125 6 000 000 kr
Nordnes 4422125 6 200 000 kr
Nordnes 5422125 5 300 000 kr
Nordnes 6422125 6 000 000 kr
Nordnes 7422125 6 200 000 kr
Nordnes 8422125 5 300 000 kr
Nordnes 9422125 6 200 000 kr
Kongsvik 10422129 6 300 000 kr
Kongsvik 11422129 5 400 000 kr
Kongsvik 12422129 5 300 000 kr
Kongsvik 13422129 5 700 000 kr
Kongsvik 14422129 6 300 000 kr
Selnes 1541106 4 800 000 kr
Selnes 1641106 3 800 000 kr
Selnes 1741106 4 500 000 kr
Selnes 1841106 4 800 000 kr
Selnes 1941106 3 800 000 kr
Selnes 2041106 4 500 000 kr
Selnes 2141106 4 800 000 kr
Selnes 2241106 3 800 000 kr
Selnes 2341106 4 500 000 kr
Selnes C 24422131 4 900 000 kr
Selnes C 25422131 5 500 000 kr
Selnes C 26422131 4 900 000 kr
Selnes C 27422131 5 500 000 kr

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Andre prosjekter fra Blink Hus Søre Sunnmøre