Nøkkelinfo
Soverom
Eierform
Primærrom
Beskrivelse
BUSTADEN
Her kan du sikre deg ein fleksibel og innhaldsrik einebustad i
eit det populære bustadfeltet Tysemarkjo! Du kan anten legge til rette for
utleigedel og sikre deg gunstige månadlege utgifter, eller velje å disponere
heile bustaden sjølv – alt etter kva som passar best for deg.
Bustaden inneheld blant anna 3 bad, vaskerom med eigen inngang, ei lys og triveleg stove samt eit flott kvalitetskjøkken frå Sigdal.
Bustaden har også ein carport med sportsbod, der du kan gå tørrskodd til inngangsdøra. Terrassen vert på heile 32m2, og der kan du nyte gode solforhold frå morgon til kveld.
TOMTA
Det vart nyleg godkjent fire nye einebustadtomter i dette feltet, og det er kun to tomtar att. Den eine av desse er planlagd bygd slik det kjem fram i denne annonsa, medan den andre tomta kan kjøpast ved å henvende seg til oss i Valvatne Bygg AS. På den andre tomta ein byggja tilsvarande bustad, men det er også mogleg å planleggja eit anna hus, td. fra Blinkhus-katalogen, i lag med våre konsulenter eller ein kan engasjere eigen arkitekt.
Begge tomtene er ferdig planert og klare for å byggja grunnmur. Tomtene er flate, og dei høver difor best for hus utan kjellar. Dette er også i dag den mest kostnadseffektive måten å byggje på.
OMRÅDET
Tysemarkjo er eit stort og veletablert bustadfelt i Nordbygdo på Stord. Her har du kort veg til skule, barnehage, idrettsanlegg, butikk og flotte turområde. Det er landlege omgivnader, med blant anna golfbane og Hestesportsenter rett i nærleiken, men også kun ein kort køyretur frå Leirvik Sentrum med det du treng av butikkar og uteliv. Dette er eit populært bustadfelt for alle aldrar!