Flott tomannsbustad på attraktiv tomt | Eigna for husbanklån
Gamle Brandalsvegen 1 6060 HareidNøkkelinfo
Soverom
Eierform
Boligtype
Gårdsnr.
Bruksnr.
NY leilegheit i tomannsbustad i etablert bustadfelt med nydeleg utsikt
Vi har gleda av å kunne tilby denne flotte tomannsbustaden sentralt plassert på Hareid med stor tomt på nesten 500 m2 per leiligheit og nydeleg utsikt mot Sulafjorden og Vartdalsfjella.
Bustadane kan har mellom anna tre soverom over to plan og carport og kan seljast med lån frå Husbanken.
Bustadane
Kvar bueining inneheld tre soverom, TV-stove, stove/kjøkken med opa løysing, to bad, eige vaskerom og rikeleg med bodplass. I tillegg utvendig sportsbod ved inngangsparti.
I stove og kjøkken får ein ei takhøgde på hele 2,8 meter! Den store takhøgda er med på å skape ein luftig og lys atmosfære i stove-/kjøkendelen.
Planløysingar
Underetasje
2 store soverom, tv stove med eigen inngang til uteareal, stort bad, stort vaskerom og ei praktisk og stor klesbod.
Hovudetasje
Stort soverom med eiga walk‐in garderobe, lys og opa kjøken/stove- løysing med utgang til eigen balkong, entrè, bad med moglegheit for vaskemaskin (tilpassa livsløpsstandard). I tillegg utvendig
sportsbod ved inngangsparti.
Konstruksjon og spesifikasjon
Golv:
Pussa betonggulv på grunn. Isolert bjelkelag på hovedplan.
På våtrom er golva flislagde. På tørre golv vert det levert slitesterk og tidsriktig korkvinyl eller parkett etter nærare avtale.
Ytterveggar:
Isolerte betongveggar som blir kledt/pussa over terreng. Treveggar utført i bindingsverk med dobbelfalsa trekledning som er malt, iht fasadeskisse. Fasadeplater eller kledning i kontrastfarge som bryt fint opp fasaden som på skisse og bilde.
Takkonstruksjon:
Berekonstruksjon med i‐bjelkar av masonite eller tilsvarande, taktekking utførast fagmessig av taktekkar. Takrenner og beslag der dette er påkrevd.
Veranda:
Golv er impregnerte terrassebord 28*120 mm. Rekkverk med trestøtter og spikerslag, spilerekkverk ihht til teikning/bilete. Runda verandatopp som handlist. Alle materialer brukt på veranda er cu‐impregnert og ikkje behandla med maling/olje/beis.
Vindauge:
Store vindauge som slipp mykje lys inn på stove og opphaldsrom. Det leverast kvitmalte trevindauge med aluminiumskleidning og
balkongdører fra norske kvalitetsleverandørar.
Dører:
Hovedinngang er Bygg 1 Hovdeby kvit eller tilsvarande. Dør til sportsbod er og type Bodø kvit eller tilsvarande. Dør til verandaer og plattingar leverast som balkongdører fra vindusprodusent. Balkongdører har same overflatebehandling som vindauga.
Innerdører er Bygg 1 Sletten kompakt kvit med dempelister.
Isolasjon:
Yttervegger: 200 mm mineralull. Betongveggar utførast med isolasjon, styropor på utside og mineralull på innside. Minimum 400 mm mineralull i himling mot det fri. Etasjeskille og alle innvendige deleveggar er også med isolasjon.
Garderobeskap/garderobehylle:
Det vert ikkje levert garderobeskap eller skyvedører i standard leveranse, dette kan leverast mot eit avtalt pristillegg.
Listverk/foringer:
Alt listverk i kvitmalt furu. Glatte lister på golv og karmar, flat list som taklist. Foringar leverast kvitmalte.
Spikarhol vil ikke bli flikkemalt før overlevering.
Trapp:
Innvendig trapp: Stryntrappa med barnesikringslist, handlist på vegg og rekkverk på frivange. Rekkverk type Fauna, eller tilsvarande.
Rekkverk og vangar i kvit utførelse, trinn i lakkert stavlimt eik.
Kjøkkeninnreiing:
Kjøkeninnreiing frå Drømmekjøkkenet ihht. til teikningar og illustrasjon.
Kjøkkenventilator tilpassa ventilasjonsanlegg, integrert steikeovn, platetopp, oppvaskmaskin og kombiskap (kjøl/frys) inngår i leveransen.
Baderomsinnreiing:
Baderomsinnreiing er del av rørleggarleveranse. Servantskap med servant og spegel med integrert lys over. Breidde 60 cm på
bad hovedetasje og 100 cm på bad i underetasje.
Spegel med integrert lys slik som vist på bilde fyl med i same breidde som underskap.
Ventilasjon:
Balansert ventilasjon med varmegjenvinning og eget avsug fra kjøken, våtrom og boder, og med innblåsing av frisk luft i stove og soverom.
Ventilasjonsanlegget syter for alltid frisk luft i huset, med høg varmegjenvinning!
Brannsløkking:
2 stk. 6 kg brannsløkkeapparat fylgjer med, dette er standard leveranse i våre hus.
Elektrisk anlegg:
Sikringsskap med automatar, jordfeilbrytar og overspenningsvern. Punkt iht til NEK 400‐399.
Varmekablar på bad, vaskerom, wc og i kjellarstove. Det er montert seriekopla røykvarslarar, totalt 7 stk og 2 sirener.
Belysning: 2 stk utelampar på ytterveggar styrt med astrour. Lys i spegel på bad samt i tak på bad og vaskerom. Alle andre rom er med enøk armaturar. LED-armatur i carport.
Komfyrvakt er montert, eit viktig tiltak for brannsikkerheit!
Fiber/breiband: Tilrettelagt for fiber/breiband.
Sanitær:
Utstyr leverast iht teikning. Klargjort for montering av vaskemaskin og tørketrommel på vaskerom. Det leverast med skyllekar og 200 liter varmtvanns‐ tank på vaskerom.
Toalett leverast vegghengde. Utekran klargjort for slange ved inngangsparti.
Skorstein/eldstad:
Som standard leverast med Nordpeis Uno 2 med ventilert stålpipe.
Utvendige overflater:
Det er lagt vekt på å bruke materialar med lang levetid og enkelt vedlikehald. Veggkledninga er malt, men bør målast over med eit ekstra strøk innan to år. Eventuelle fasadeplater er vedlikehaldsfrie. Terrassar i cu‐impregnert materiale som kan behandlast med maling/olje/beis etc etter eige ynskje.
Innvendige overflater malingsklart:
Bustaden vert levert med gipsoverflater i himling og på veggar i stove/kjøken og gang/entre i hovudetasjen. Resterande himlingar vert levert med Huntonit himlingsplater i kvit farge. Resterande vert levert med Huntonit Proff Vegg (umalte)
Kjøkkeninnreiing vert levert med tilrettelegging for integrerte kvitevarer. Våtrom leverast med membran/flis på golv og tidsriktige baderomsplater. Det er berekna at kunde malar veggar og legg golv sjølv. Etter at kunde har utført eigeninnsats ferdigstiller Blink Hus bustaden med listverk, kjøkkenmontering/trapp etc.
Bustaden kan leverast nøkkelferdig mot eit tillegg på kr 230.000,‐
Innvendige overflater vert då slik (og som beskrive t.o.m. side 5):
Malte veggar på tørre rom. Malte gipshimlingar på stove/kjøkken, gang og entrè på hovedplan.
Ferdigbehandla kvite himlingsplater i resterande rom.
Våtrom har flis på golv og lyse moderne baderomspanel på vegg frå Fibo Trespo.
Golv i alle tørre rom er med slitesterk korkvinyl. Bustaden kan også leverast med parkett etter avtalt pristillegg.
Om eigedomen
Prosjektet ligg i eldre etablert og populært boligområde på Hareid, med nærleik til både sentrum og naturområder. Herfrå har ein dei aller fleste fasilitetar innanfor ca. 10 minutts gange. Det er kort veg ned til daglegvarebutikk, ferge-/hurtigbåtkai og Hareidsfjella ligg berre eit steinkast i motsett retning. Nabolaget er barnevennlig og rolig med gode solforhold. Kort gangavstand er det også til skular, barnehage, buss, idrettsanlegg og helsehus.
Den store tomta innbyr til fleire gode, søraust-vende soner i eigen hage.
Tomta til den enkelte bustaden vert seksjonert og sjølveigd.
Forbehold om godkjent søknadsprosess.
Prisbilete og finansiering
Vegleiiande pris eks. omkostningar: frå kr. 5.060.000,-
Pris nøkkelferdig: frå kr. 5.300.000,-
Bustadane er planlagt med moglegheit for finansiering gjennom Husbanken. Ta kontakt med oss for meir informasjon rundt dette.