Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Attraktive solrike tomter i Tysemarkjo

Tysemarkjo 5414 Stord
Pris fra
1 300 000 kr
Anders Titland
seljar

Nøkkelinfo

Boligtype

Tomter

Tomteareal

604 m2

Gårdsnr.

22

Bruksnr.

254

Adkomst

Fra E39 tek ein av ved Ådlandsvatnet mot Rommetveit. Etter eit par km tek ein til venstre i rundkøyring. Ca 200 meter ligg tomtene på høgre side før bebyggelsen.

Fra Rommetveitvegen, tek ein av på Haga mot E39 i Vestlivegen. Avkøyring til høgre i rundkøyring etter gangbru over vegen.

 

Beliggenhet

Tomtene ligg i det nyleg utbygde Tysemarkjo-feltet. Feltet er eit av dei mest populære områda å bu i på Stord, med det meste av det ein ynskjer og treng i nærleiken. Ikkje minst er det attraktivt for familiar, då barnehagen er nærmaste nabo og skule samt stort idrettsanlegg ligg i umiddelbar nærhet. Det er mange gode leikeplassar og samlingsstader for både store og små. Barnefamiliane treffest ofte her, og ikkje minst i barnehagen til leik og ettermiddagskaffi. Alt i alt er byggjefeltet den ideelle stad å bu, då det ikkje minst gjer kvardagen, spesielt for barnefamiliar, lettare og mindre stressande med td. transport til og fra barnehage og skule samt aktivitetar på ettermiddags- og kveldstid.

Vakre tur- og friluftsområder både i nærleiken, men også rundt om på Stord, gjev innbyggjarane gode livskvalitetar som få andre stader kan måla seg med. I gangavstand ligg Ådlandsvatnet med idyllisk trim- og turløype rundt og med flotte badeplassar. Tomtene har utsikt til Stord-fjellet med sine populære og mykje nytta turstiar, der ein kan nå toppar og fiskevatn eller berre rett og slett vera aktiv og nyte den vakre naturen .

Nedanfor feltet ligger eit aktivt Stord Hestesportsenter. Og for den som er interessert, kan ein om sommaren nytte den flotte 9-hulls golfbana, som er næraste nabo, før den inntas av ski- og akeglade ungar i alle aldrar når snøen legg seg.

I Rommetveit båtlag er det mogleg med båtplass i ei lun og trygg småbåthavn. Fra havna er det også dirkete tilgang til den freda Hystadmarka, som også er eit mykje nytta friluftsmål, med opparbeida tursti og mange badeplassar.

Kollektivtransport er godt utbygd og med bil når ein både Leirvik sentrum og Heiane Industriområde på 5-10 minutt.

Beskaffenhet

Tilkomstveg er asfaltert, og det er tilrettelagd til fire tomter med det ein trenger av teknisk opparbeiding. Den fyrste er allereide reist hus på. Tomtene er flate og kan nyttast heilt ut til hage og tilkomst, parkering/carport. Tomtene er planert og det ligg til rette for ei rask og rimeleg opparbeiding av fundamenter for bustadbygg. Grunnmur kan støypast så snart ein har lagt på ei pute med singel og lagt inn i grunnmuren teknisk tilførsel.

 

 

FORSLAG TIL BUSTAD

Kjøpar kan stå fritt mht. kva bustad ein vil byggja, gjennom BLINKHUS Valvatne, om det er eit BLINKHUS fra katalog, eigenutvikla bustad i lag med byggjefirmaet eller om ein ynskjer å gå til arkitekt. Alt innafor dei rammer som tomta gjev, føresegner, kommuneplan og forskrifter. Det er krav til å leggja til rette for 2 pareringsplassar på kvar tomt, der ein eventuell garasje kan inngå. 

Som eit forslag til bustad ser vi for oss "MOSS" som de kan lesa meir om i vår dig. BLINKHS-katalog. https://www.blink-hus.no/
Ta kontakt for nærare opplysningar og gjennomgang og evt avtale for synfaring på tomta.