Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Husbankgodkjent, vedlikeholdsvenleg og moderne, to- og firmannsbustader til sals - sentralt i Sveio sentrum.

Steinhaugvegen 5550 Sveio
Pris fra
961 000 kr
Bjørn Storebø
Salskonsulent

Nøkkelinfo

Soverom

2

Eierform

Annet

Primærrom

67 - 83 m2

Gårdsnr.

40

Bruksnr.

644

Beskrivelse

Steinhaugmarka ligg i eit område der Valvatne Bygg har drevet utbygging dei siste åra. Her får du gjennomgåande høg standard, to/tre soverom, alt på eitt plan med vedlikshaldsvenleg fasade og vindu. Det følgjer carport med tomannsbustadane.

Bustadene på Steinhaugmarka passar for folk i alle aldrar og livssituasjonar. Her kan førstegongsetablerarar med små born få den gode starten på familielivet, og her kan seniorar som vil kvitta seg med einebustaden, men ikkje heilt slepp på hagen finna seg vel til rette.

Det er lagt vekt på vedlikehaldsvenlege overflater utvendig på bustadane. Utvendig kledning er ferdig behandla frå fabrikk.

I tillegg blir da nytta vindu med aluminiumsinndekning for enklare vedlikehold. Arkitektane har hatt fokus på ein moderne fasade som skil seg litt ut - dette gjelder for samtlige bustader.

Finnansiering gjennom Husbanken.Eit prosjekt i samarbeid med HAUBO

Steinhaugmarka - eit burettslag i HAUBO

Fordeler med burettslag som buform:
God forvaltning gjennom trygge HAUBO
Trygg og anerkjent organisering av bustadprosjekt
Tilrettelagt for eit stabilt og hyggeleg bumiljø, med godt nabofellesskap
Dette gir deg og burettslaget svært gode moglegheiter til å skape en stabil, trygg og forutsigbar økonomi
Det gir deg også minst mogleg privat gjeld og ei fellesgjeld med gunstige vilkår.

Kva betyr dette for deg?
• Lavt innskot
• Husbankfinansiert, 75% markedets laveste rente p.t. 2,95% (juni 23)
• Trygg og anerkjent organisering av budstadprosjekt

Når feltet er ferdigstilt vil det bestå av to firemannsbustader og fem tomannsbustader i eit eige burettslag med kort vei til alt av servicefasilitetar.
Byggetrinn 1 består av 8 husbankgodkjente bueiningar fordelt på 2 innhaldsrike tomannsbustader og 1 firemannsbustader.

Dei nye bustadene vil liggje på marka like bak Kiwi-butikken i Sveio sentrum. Alle bustadene leveres med vedlikhaldsvenleg materialer utvendig - ferdig behandla frå fabrikk. Nøkkelferdig, moderne uttrykk, alt på ett plan, spenstig materialval og lettstelt er bare noko av dei gode kvalitetane til bustadene i Steinhaugmarka.

Om området

I Steinhaugmarka har du handel,bank, kommunesenter, lege, barnehage, natur, skular og fritidsaktivitetar tett på. Midt i blinken for familiar som ønskjer ein enkel logistikk i kvardagen, så det vert meir tid til kvarandre og dei viktige tinga i livet. Bustadfeltet ligg solrikt og sentralt i Sveio, med daglegvare som nærmaste nabo.

Området ligg fint sørvendt med gode solforhold og turløyper like utfor døra. Området byr også på mange fine tur- og friluftsområde like i nærleiken.

Uteområdet

Det er opparbeida leikeareal vest for utbygginga som nærleikeplass til området. Her kan dei minste leike trygt i barnevennleg omgjevnader. Innkøyrsel/tun og parkeringsplassar vert asfaltet. Det blir montert kantstein mot plen. Storparten av tomta opparbeidast med sådd grasbakke. Gjesteparkeringsplassar vert oppmerka.

Tilvalsmoglegheiter og endringar

Kjøpar kan innanfor gitte rammer velja andre produkt enn det som her er beskrive som standardprodukt. Ønskjer du å setja ditt eige preg på bustaden, tilbyr Blink Hus Valvatne dette gjennom avgrensa typar av parkett, fliser, frontar på kjøkeninnreiing, benkeplate, innvendige dører og farger på vegg og himling. Dette gjeld dersom du bestemmer deg for kjøp tidleg i byggefasen.
Lampetypar, punktantall og plassering kan endrast. Slike endringar vil i dei fleste tilfelle medfører priskonsekvens.