Solide produkt for norske forhold
Vi har ytterdører i ulike kvalitetar og isolasjonsevne. Det er mest vanleg med slett eller sporfrest design, men vi har også dører med utanpåliggande dekor på utsida. Du kan også velje mellom overflate i standard HDF eller kompaktlaminat.
Vær og vind
Tenk på korleis inngangspartiet er plassert i forhold til vær og vind, og kva som står i stil til bustaden din. Skal døra forsterke husets arkitektur, skape kontrast eller ha same stil som huset? Har døra overbygg eller takutstikk som skjermar mot vær og vind, er ei dør med standardkvalitet rett val. Står døra meir utsatt plassert anbefala vi å velje eit dyrare alternativ.
Kompaktlaminat er eit tilval til alle dører der det er behov for ekstra god beskyttelse. Dette er spesielt anbefalt for dører utsett for hard bruk eller ekstreme værforhold langs kysten.
Trekker det frå den gamle ytterdøra di?
Nye ytterdører har langt bedre isolasjonsevne enn gamle dører. Dei har betre isolasjon og pakningssystem som tettar betre enn det som var vanleg tidlegare. I tillegg har nye ytterdører isolerglas, og dei med høgare kvalitet har tre-lags glas. Når du set inn nye ytterdører vert inneklimaet betre og det vil også slå positivt ut på strømregninga.