Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Familievennleg og naturnært | Einebustadstomter og einebustadar i kjede

Terje Giskeødegår Balsnes
Dagleg leiar

Nøkkelinfo

Eierform

Eier (Selveier)

Boligtype

Enebolig

Velkommen til Brekkane Bustadfelt – i sentrum av «5-minuttsbygda»
Endeleg kan vi introdusere eit heilt nytt bustadfeltet på Hareid. Her kan du flytte inn i eit familievennleg felt som fleire generasjonar vil trivast i.
 
Om bustadene
To bustadtypar kjem snart til sal på Brekkane.

1. Nordnes – Funksjonelle bustadar med «noko attåt»
Vi skal sette opp 15 Nordnes-einebustadar fordelt på fem eksklusive kjedar. Kvar av dei har sitt eige særpreg, perfekt for Sunnmøre. Me har også lagt opp for ulike variantar av bustadane slik at du kan velje den løysinga som passar best for din familie.
 
2. Vel eit kataloghus eller design din draumeheim
På dei fem øvste tomtene på Brekkane kan du byggje bustad etter eigne ynskjer og budsjett, med byggeklausul.
 
Derfor bør du melde interesse no
Er du tidleg ute og melder interesse får du ikkje berre meir informasjon om prosjektet og kva valmoglegheiter du har, du får også fordelen av å stå først i køen. Vel bustadplasseringa eller tomta som «alle» vil ha.
 
Om området
Frå Hareid er det kort veg til alt du treng i kvardagen, og meir til.
 
Kanskje du har høyrt om 15-minutts-byen, der alt skal være innan 15 min gangavstand? I Hareid får du oppleve vår eigen versjon: 5-minuttsbygda, rett nok ved hjelp av bil innimellom. Her har du berre 5 minutt til:
 

  • Butikken
  • Skule og barnehage
  • Treningssenter og fritidsaktivitetar
  • Fjellet
  • Stranda

 
Nesten like nært finn du fleire butikkar, kafear, restaurant, helsehus, ferje- og hurtigbåtkai. Og tar du bilen fatt kan du kome deg til alt mellom Ullstein og Volda på 15-45 min.
 
Det løner seg å kjøpe nytt!
Når du kjøper ein heilt ny bustad får du fleire fordelar som:

  • Ingen har budd der før – bli den første som bur seg inn i bustaden
  • Alt er nytt! Som betyr mindre vedlikehald og null oppussing
  • Sett ditt personlege preg på bustaden gjennom tilval
  • Null stress med bodrundar
  • Spar pengar på ein energieffektiv bustad og låg dokumentavgift
  • 5 års reklamasjonsrett

 
Om Blink Hus Søre Sunnmøre
Når vi skal hjelpe deg med å bygge husdraumen står dine behov i fokus. Våre tilsette stiller med bred kompetanse, lang erfaring, og ein tydeleg motivasjon for å levere kvalitet over tid. I ei utfordrande og turbulent tid for byggebransjen, står vi fjellstøtt takka vere berekraftig og framoverlent drift gjennom mange år. Vi er difor eit trygt val for våre kundar, både no og i framtida.
 
Ta kontakt eller meld interesse i dag så held me deg informert på vegen mot din nye bustad.